Museumsprosjektets hovedside

[an error occurred while processing this directive]

ADMINISTRATIVT:
Personale - adresseliste
Museumsprosjektets årsrapport 2004
Museumsprosjektets årsrapport 2003
Museumsprosjektets årsrapport 2002
Museumsprosjektets årsrapport 2001
Museumsprosjektets årsrapport 2000
Museumsprosjektets årsrapport 1999
Museumsprosjektets årsrapport 1998
Universitetenes samarbeidsavtale om Museumsprosjektet
Opprinnelig prosjektbeskrivelse
Den nasjonale styringsgruppen
   

Møtereferat

     
Møtetid:      Fredag 4. juni 1999, kl. 10.00 - 15.00
Møtestad:   Universitetet i Bergen
Til stede:   Bjarne Hodne (UiO), Bjarne Meidell (UiB), Geir Mathiassen (UiTø), Morten Smelror (NTNU), Arne Røkkum (UiO), Christian-Emil Ore (UiO, prosjektleiinga), Oddrun Rangsæter (UiO, prosjektleiinga)
     
Referent:   Oddrun Rangsæter
     

Sak 14/99

 

Godkjenning av innkalling, saksliste og endeleg referat frå møte 19.3.99

Innkalling, saksliste og referat frå siste møte vart godkjent.

     

Sak 15/99

 

Orientering om framdrifta i prosjektet

Sakspapir: Statusrapport for perioden 19. mars til 21. mai

Kort orientering om framdrifta i dei ulike delane av prosjektet. Utfyllande kommentarar om dei ulike delprosjekta frå dei lokale styrerepresentantane.

Det vart ytra ønskje om at programmerargruppa lagar prioritert liste med arbeidsoppgåver. Denne vil bli sendt ut saman med sakspapira til neste møte.

Eventuelle utvidingar av staben vert fremma som eiga sak på neste styremøte, med unntak av Tromsø som kan fremje dette på sirkulasjon i tilfelle finansiering frå UiTø sentralt går i orden.

     

Sak 16/99

 

Prosjektdirektiv nye delprosjekt

Sakspapir: Forslag til prosjektdirektiv frå:

  • Geologi, Bergen Museum,
  • Paleontologi, Oslofeltets fossiler,
  • Oldsaksamlinga, Oslo.

På møtet vart det delt ut forslag til prosjektdirektiv frå:

  • Zoologi (evertebrater), Bergen Museum
  • Arkeologi, Topografisk arkiv, Vitenskapsmuseet
  • Arkeologi, Innsetjing av matrikkelnr, Vitenskapsmuseet

Prosjektdirektiva vart godkjende med unntak av Oldsaksamlinga som vart bedne om å endre direktivet i høve til mal. Arkeologi Vitenskapsmuseet vart bedne om å presisere ressursbruken betre, men vart elles godkjend.

Nytt direktiv frå Oldsaksamlinga samt ny versjon frå Arkeologi Vitenskapsmuseet vil verte sende ut til styrerepresentantane for ny godkjenning på sirkulasjon. Det vil ein også gjere for prosjektdirektiva frå Botanikk Tromsø og Kulturhistorie Tromsø.

     

Sak 17/99

 

Vidare finansiering

Diskusjon og idedugnad om korleis ein kan få til auka finansiering og vidareføring av Museumsprosjektet ut over prosjektperioden. Her var universitetsleiinga i Bergen invitert til å delta, slik at styret kunne informere om prosjektet og samstundes få signal frå universitetsleiinga i Bergen om korleis dei ser på prosjektet, og om det er politisk vilje til å støtte prosjektet vidare.

Direktøren for Bergen Museum, Kåre Hesjedal, stilte som representant frå universitetsleiinga. Signala han kom med var udelt positive. Ved Universitetet i Bergen er det stor politisk vilje til å støtte opp om søknader om vidare finansiering av prosjektet.

Vidare arbeid: tilsvarande informasjonsmøte med leiinga ved dei andre universiteta.

I arbeidet med å få finansiering til å fullføre dataregistreringa ved musea treng prosjektet innspel frå musea med ei kort utgreiing om verksemda ved dei einskilde musea og om nytteverdien av denne for samfunnet rundt.

Styret vedtok at det skal sendast ein førespurnad til dei ulike musea der ein ber dei lage ei slik utgreiing som Museumsprosjektet kan bruke til å utforme ein felles nasjonal søknad.

Musea må i ei slik utgreiing også synleggjere eigne interne ressursar som vil bli brukt i arbeidet med å digitalisere samlingane.

Ytre ressursar bør ein prøve å skaffe i Departementa først og fremst (KUF, LD, MD og Kulturdept), men også i fylkeskommunane, i Forskingsrådet og i det private næringsliv.

     

Sak 18/99

 

Eventuelt

Fagleg leiar orienterte om den nye arbeidsgruppa i arkeologi, med representantar frå dei arkeologiske miljøa ved alle fire universiteta. Styret ønskte kopi av korrespondanse, og vil få tilsendt dette.

Ein vil og vurdere å få i stand ei tilsvarande arbeidsgruppegruppe for den naturhistoriske delen av prosjektet.

     
Neste møte:   Neste styremøte er planlagt 24. september ved Universitetet i Tromsø. Universitetsleiinga ved UiTø er invitert til å vere til stades på deler av møtet.
Geir Mathiassen vil ordne alt det praktiske i høve møtet.
     
Kopi til:   Medlemmer og varamedlemmer i Nasjonal styringsgruppe
Tromsø Museum, Universitetsmuseet i Tromsø
Vitenskapsmuseet, naturhistorie
Vitenskapsmuseet, arkeologi
Bergen museum
Oldsaksamlinga, Oslo
Etnografisk museum, Oslo
Botanisk Hage og museum, Tøyen
     
Vedlegg:  

Informasjonsbrosjyre for Museumsprosjektet
Kopi av korrespondanse om den nye arbeidsgruppa i arkeologi


Ansvarlig for denne siden - muspro@muspro.uio.no