Delprosjekt
Arkeologi

ved Bergen Museum
     
FAG:
Arkeologi
Etnografi
Nyere kulturhistorie
Botanikk
Geologi
Zoologi

ARKEOLOGI:
Bergen Musuem: Delprosjekt arkeologi
Oldsaksamlingen: Delprosjekt arkeologi
Vitenskapsmuseet: Delprosjekt arkeologi
Tromsø Museum Universitetsmuseet: Delprosjekt kulturhistorie

Museumsprosjektets hovedside
 

Delprosjekt arkeologi ved Bergen Museum har konsentrert seg om dei tre sentrale arkiva for arbeidet med førhistoria på Vestlandet. Innhaldet i to av arkiva er tidlegare publisert skriftleg over lang tid, heilt sidan midten av 1800-talet, medan det tredje arkivet finst berre ved museet. Til saman inneheld desse tre samlingane all kjend informasjon om funn og fornminne i Bergen Museum sitt museumsdistrikt. Dette distriktet dekkjer Hordaland, Sogn og Fjordane og Sunnmøre. Dokumentasjonen som gjeld funn frå middelalderen er ikkje digitalisert endå, men vil verte prioritert i tida framover.

Alt dette er materiale som er i kontinuerleg bruk både innan forsking, forvaltning og formidling i det arkeologiske miljøet i Bergen. Også dei tre vestlandske fylkeskommunane nyttar opplysningar frå arkiva i sitt daglege arbeid. Deler av dette omfattande materialet er publisert, men ikkje i samla form. Mykje av materialet er vanskeleg å finne fram i, sjølv for dei som har kontorplass på museet. Denne situasjonen er no radikalt endra sidan tre av dei mest brukte arkivressursane er overførte til elektronisk format.

Bergen Museum har også ei stor kulturhistorisk fotosamling som går langt tilbake i tid, og Museumsprosjektet i samarbeid med fotoavdelinga ved museet har starta konvertering av dette materialet til elektronisk form. Store deler av dette fotomaterialet gjeld arkeologi.

Les resten

 

Førhistoriske minne på vestlandet.

Bergen Museums hovudkatalog (ta kontakt med arkeologisk avdeling BM for å få tilgang).

Topografisk arkiv (ta kontakt med arkeologisk avdeling BM for å få tilgang).

Bergen Museum, De kulturhistoriske samlinger.

Spørsmål om delprosjektets arbeid kan rettes til Sonja Innselset.


  Ansvarlig for denne siden - muspro@muspro.uio.no