Delprosjekt
Arkeologi |
||
ved Bergen Museum | ||
FAG:
Arkeologi Etnografi Nyere kulturhistorie Botanikk Geologi Zoologi ARKEOLOGI: Bergen Musuem: Delprosjekt arkeologi Oldsaksamlingen: Delprosjekt arkeologi Vitenskapsmuseet: Delprosjekt arkeologi Tromsø Museum Universitetsmuseet: Delprosjekt kulturhistorie |
Delprosjekt arkeologi ved Bergen Museum har konsentrert seg om dei tre sentrale arkiva for arbeidet med førhistoria på Vestlandet. Innhaldet i to av arkiva er tidlegare publisert skriftleg over lang tid, heilt sidan midten av 1800-talet, medan det tredje arkivet finst berre ved museet. Til saman inneheld desse tre samlingane all kjend informasjon om funn og fornminne i Bergen Museum sitt museumsdistrikt. Dette distriktet dekkjer Hordaland, Sogn og Fjordane og Sunnmøre. Dokumentasjonen som gjeld funn frå middelalderen er ikkje digitalisert endå, men vil verte prioritert i tida framover. Alt dette er materiale som er i kontinuerleg bruk både innan forsking, forvaltning og formidling i det arkeologiske miljøet i Bergen. Også dei tre vestlandske fylkeskommunane nyttar opplysningar frå arkiva i sitt daglege arbeid. Deler av dette omfattande materialet er publisert, men ikkje i samla form. Mykje av materialet er vanskeleg å finne fram i, sjølv for dei som har kontorplass på museet. Denne situasjonen er no radikalt endra sidan tre av dei mest brukte arkivressursane er overførte til elektronisk format. Bergen Museum har også ei stor kulturhistorisk fotosamling som går langt tilbake i tid, og Museumsprosjektet i samarbeid med fotoavdelinga ved museet har starta konvertering av dette materialet til elektronisk form. Store deler av dette fotomaterialet gjeld arkeologi. |
|
Førhistoriske minne på vestlandet. Bergen Museums hovudkatalog (ta kontakt med arkeologisk avdeling BM for å få tilgang). Topografisk arkiv (ta kontakt med arkeologisk avdeling BM for å få tilgang). Bergen Museum, De kulturhistoriske samlinger. Spørsmål om delprosjektets arbeid kan rettes til Sonja Innselset. |
||
Ansvarlig for denne siden - muspro@muspro.uio.no |