FAG:
Arkeologi
Etnografi
Nyere kulturhistorie
Botanikk
Geologi
Zoologi

ARKEOLOGI:
Bergen Musuem: Delprosjekt arkeologi
Oldsaksamlingen: Delprosjekt arkeologi
Vitenskapsmuseet: Delprosjekt arkeologi
Tromsø Museum Universitetsmuseet: Delprosjekt kulturhistorie

Museumsprosjektets hovedside
 


Delprosjekt arkeologi

Bergen Museum

Tilbake til introduksjonssiden

Ei digital førhistorie

Førhistoriske minne på Vestlandet

Hefteserien Førhistoriske Minne på Vestlandet av konservator Per Fett vart publisert i 1950-1973, og er resultatet av eit omfattande registreringsarbeid som varte frå 1942 til 1971. Her er det oversikt over alle kjende fornminne (gravhaugar, bautasteinar, helleristningar, osb) på Vestlandet, både dei som finst framleis og dei som har eksistert i manns minne. I tillegg har hefta opplysningar om alle arkeologiske funn på den enkelte garden. Eit tilsvarande oversiktsverk har ingen av dei andre arkeologiske institusjonane i Noreg maken til. Materialet vart opphavleg publisert for kvart prestegjeld, 81 i talet, men er i dag ordna kommunevis etter matrikkelgard (78 hefte, om lag 5000 sider). Heile serien er tilgjengeleg for søk på http://www.dokpro.uio.no/arkeologi/fett/fett_ramme.html. Sidan dette er eit avslutta verk gjeld her kommunegrenser og gardsnummer som var i bruk fram til slutten av 1970-talet. Dette vil etter kvart verte oppdatert til dagens situasjon.

Tilveksten til samlingane - gjenstandsdatabasen

Dei arkeologiske samlingane av funn som er eldre enn middelalder er svært innhaldsrike. Materialet er katalogisert med museumsnummer frå B 1 til om lag B 15900, der kvart B-nummer kan romme frå ein til fleire hundre tusen enkeltgjenstandar. Funnkatalogen er publisert regelmessig sidan 1876, men i ulikt format og i ulike publikasjonar, og kan derfor vere vanskeleg tilgjengeleg. Denne Tilvekstfortegnelsen, som oversikten vert kalla, gir ei skildring av kvar enkelt gjenstand, av funnstad og funnomstende, sortert etter museumsnummer. Tilvekstfortegnelsen, t.o.m. B 14499, er overført til elektronisk format gjennom Dokumentasjonsprosjektet, og er fritt tilgjengeleg på http://www.dokpro.uio.no/arkeologi/bergen/hovedkat.html. I regi av Museumsprosjektet vert det no arbeidd med ei vidareføring av arbeidet med gjenstandssamlingane. Det er under utforming ein reell gjenstandsdatabase til bruk i det daglege arbeidet i museet, med brukarnamn- og passordtilgang.

Topografisk arkiv

Opplysningane i Tilvekstfortegnelsen er henta frå brevbyte og rapportar kring funnet av gjenstanden, både frå fagleg utførte registreringar/utgravingar eller tilfeldige funn frå grunneigarar eller andre. Alt slikt skriftleg materiale er samla i det topografiske arkivet, som er det mest omfattande materialet som har vorte digitalisert. Arkivet inneheld dokument som går attende til den tida museet vart grunnlagt, i 1825, og fram til i dag. Det vert framleis lagt til nye dokument, og arkivet inneheld no kring 50 000 dokument (105 000 sider). Arkivet er ordna topografisk på same måte som Førhistoriske Minne, og kvar einaste matrikkelgard på Vestlandet har si eiga hengemappe med opplysningar. Alle dokumenta i arkivet er skanna og opplysningane registrerte i ein database. Av omsyn til personvern er denne databasen underlagt brukarnamn- og passordtilgang. Interesserte forskarar må ta kontakt med Bergen Museum for å få slik tilgang.

Middelaldersamlingane

Samlingane ved Arkeologisk avdeling, Bergen Museum, er delte i to, sjå Arkeologi, Bergen Museum. Førhistorisk samling er lokalisert på det gamle Historisk Museum, som no heiter De Kulturhistoriske Samlinger, og middelaldermaterialet ligg på Bryggens Museum. Det er slike praktiske årsaker som har ført til at arkiv og samlingar ved Middelaldersamlinga ikkje er digitalisert gjennom Dokumentasjonsprosjektet. Museumsprosjektet vil derfor gå i gang med det topografiske arkivet på Middelaldersamlinga, og etter kvart også gjenstandsopplysningane.

Fotoarkivet

Bergen Museum har store kulturhistoriske fotosamlingar. Museumsprosjektet samarbeider med fotoavdelinga omdigitalisering av dette materialet. All skanning av bilete vert gjort i Bergen, og innføring av opplysningane i ein database vert utført av ein registreringssentral i Lakselv i Finnmark. Dette er den einaste innskrivargruppa som er att på Delprosjekt Bergen Arkeologi. Lysbiletematerialet frå ulike utgravingar på Bryggen er ferdig digitalisert (om lag 6300 dias), og vi er godt i gang med den såkalla Leica-serien. Det er ein lang fotoserie, starta i 1935, med motiv frå arkeologiske registreringar og utgravingar, museumsgjenstandar frå gammal og ny tid, museumsutstillingar, osb. Til saman omfattar fotoarkivet grovt rekna 200 000 foto i ulike format. Fotodatabasen skal koplast opp mot dei andre databasane. Dette vert også ein ressurs som krev brukarnamn og passord.

Kvifor digitalisere arkeologiske arkiv og samlingar

Ein digital versjon av alt dette materialet gir som den mest opplagte, og kanskje viktigaste, gevinsten ein enklare og raskare tilgang til all informasjonen som er lagra i arkiva. Det er både arbeids- og tidssparande å kunne hente ut relevante opplysningar utan å måtte gå til ein annan del av museet, eller å måtte bla gjennom mange bøker og skuffer. For forvaltninga, som oftast arbeider under tidspress, er det også nyttig raskt å kunne finne ut at dei opplysningane du leitar etter faktisk ikkje finst i det materialet som ligg der. Forskarar brukar lang tid på å finne fram i materiale, og eit elektronisk arkiv gjer det raskt å finne informasjon på tvers av materialet, utan å måtte leite og systematisere i dagar, kanskje veker. Denne måten å nærme seg materialet på kan i tillegg vere ein innfallsvinkel til andre, kanskje utfyllande problemstillingar. Når det gjeld det topografiske arkivet, så vil bruken av det elektroniske arkivet i tillegg redusere slitasjen på dei gamle, skrøpelege dokumenta til eit minimum. Også det vanlege, interesserte publikum får her ein enkel tilgang til opplysningar om førhistoria utan å måtte kontakte museet.

Delprosjekt Bergen Museum, Arkeoland og Gamle Naboar

Eit direkte resultat av Delprosjekt Bergen Museum sitt digitaliseringsarbeid er dei to nettbaserte prosjekta Arkeoland og Gamle Naboar. Dei byggjer begge to på dei arkeologiske dataressursane som er fullførte, og vender seg til ulike brukargrupper. Arkeoland ( http://www.arkeoland.uib.no) er ein nettressurs for arkeologistudentar, undervisningspersonale og andre som arbeider med forsking, forvaltning og formidling innanfor arkeologi, og andre interesserte. Gamle Naboar ( http://www.gamlenaboar.uib.no) er ein undervisningsressurs for lærarar og elevar på mellomtrinnet i grunnskulen, og tek sikte på å gi oppdatert kunnskap om den eldste historia på Vestlandet.
 

 
  Ansvarlig for denne siden - muspro@muspro.uio.no