|
|
Møtereferat
|
|
|
|
Møtetid: |
|
Fredag 4. juni 1999, kl. 10.00 - 15.00 |
Møtestad: |
|
Universitetet i Bergen |
Til stede: |
|
Bjarne Hodne (UiO), Bjarne Meidell (UiB), Geir Mathiassen (UiTø), Morten Smelror
(NTNU), Arne Røkkum (UiO), Christian-Emil Ore (UiO, prosjektleiinga), Oddrun Rangsæter
(UiO, prosjektleiinga) |
|
|
|
Referent: |
|
Oddrun Rangsæter |
|
|
|
Sak 14/99
|
|
Godkjenning av innkalling, saksliste og endeleg referat frå møte
19.3.99
Innkalling, saksliste og referat frå siste møte vart godkjent.
|
|
|
|
Sak 15/99
|
|
Orientering om framdrifta i prosjektet
Sakspapir: Statusrapport for perioden 19. mars til 21. mai
Kort orientering om framdrifta i dei ulike delane av prosjektet. Utfyllande
kommentarar om dei ulike delprosjekta frå dei lokale styrerepresentantane.
Det vart ytra ønskje om at programmerargruppa lagar prioritert liste
med arbeidsoppgåver. Denne vil bli sendt ut saman med sakspapira til neste
møte.
Eventuelle utvidingar av staben vert fremma som eiga sak på neste styremøte,
med unntak av Tromsø som kan fremje dette på sirkulasjon i tilfelle
finansiering frå UiTø sentralt går i orden.
|
|
|
|
Sak 16/99
|
|
Prosjektdirektiv nye delprosjekt
Sakspapir: Forslag til prosjektdirektiv frå:
- Geologi, Bergen Museum,
- Paleontologi, Oslofeltets fossiler,
- Oldsaksamlinga, Oslo.
På møtet vart det delt ut forslag til prosjektdirektiv frå:
- Zoologi (evertebrater), Bergen Museum
- Arkeologi, Topografisk arkiv, Vitenskapsmuseet
- Arkeologi, Innsetjing av matrikkelnr, Vitenskapsmuseet
Prosjektdirektiva vart godkjende med unntak av Oldsaksamlinga som vart bedne
om å endre direktivet i høve til mal. Arkeologi Vitenskapsmuseet
vart bedne om å presisere ressursbruken betre, men vart elles godkjend.
Nytt direktiv frå Oldsaksamlinga samt ny versjon frå Arkeologi
Vitenskapsmuseet vil verte sende ut til styrerepresentantane for ny godkjenning
på sirkulasjon. Det vil ein også gjere for prosjektdirektiva frå
Botanikk Tromsø og Kulturhistorie Tromsø.
|
|
|
|
Sak 17/99
|
|
Vidare finansiering
Diskusjon og idedugnad om korleis ein kan få til auka finansiering og
vidareføring av Museumsprosjektet ut over prosjektperioden. Her var universitetsleiinga
i Bergen invitert til å delta, slik at styret kunne informere om prosjektet
og samstundes få signal frå universitetsleiinga i Bergen om korleis
dei ser på prosjektet, og om det er politisk vilje til å støtte
prosjektet vidare.
Direktøren for Bergen Museum, Kåre Hesjedal, stilte som representant
frå universitetsleiinga. Signala han kom med var udelt positive. Ved Universitetet
i Bergen er det stor politisk vilje til å støtte opp om søknader
om vidare finansiering av prosjektet.
Vidare arbeid: tilsvarande informasjonsmøte med leiinga ved dei andre
universiteta.
I arbeidet med å få finansiering til å fullføre dataregistreringa
ved musea treng prosjektet innspel frå musea med ei kort utgreiing om verksemda
ved dei einskilde musea og om nytteverdien av denne for samfunnet rundt.
Styret vedtok at det skal sendast ein førespurnad til dei ulike musea
der ein ber dei lage ei slik utgreiing som Museumsprosjektet kan bruke til å
utforme ein felles nasjonal søknad.
Musea må i ei slik utgreiing også synleggjere eigne interne ressursar
som vil bli brukt i arbeidet med å digitalisere samlingane.
Ytre ressursar bør ein prøve å skaffe i Departementa først
og fremst (KUF, LD, MD og Kulturdept), men også i fylkeskommunane, i Forskingsrådet
og i det private næringsliv.
|
|
|
|
Sak 18/99
|
|
Eventuelt
Fagleg leiar orienterte om den nye arbeidsgruppa i arkeologi, med representantar
frå dei arkeologiske miljøa ved alle fire universiteta. Styret ønskte
kopi av korrespondanse, og vil få tilsendt dette.
Ein vil og vurdere å få i stand ei tilsvarande arbeidsgruppegruppe
for den naturhistoriske delen av prosjektet.
|
|
|
|
Neste møte: |
|
Neste styremøte er planlagt 24. september ved Universitetet i Tromsø.
Universitetsleiinga ved UiTø er invitert til å vere til stades på
deler av møtet.
Geir Mathiassen vil ordne alt det praktiske i høve møtet. |
|
|
|
Kopi til: |
|
Medlemmer og varamedlemmer i Nasjonal styringsgruppe
Tromsø Museum, Universitetsmuseet i Tromsø
Vitenskapsmuseet, naturhistorie
Vitenskapsmuseet, arkeologi
Bergen museum
Oldsaksamlinga, Oslo
Etnografisk museum, Oslo
Botanisk Hage og museum, Tøyen |
|
|
|
Vedlegg: |
|
Informasjonsbrosjyre for Museumsprosjektet
Kopi av korrespondanse om den nye arbeidsgruppa i arkeologi
|
|